AKT Svipp Bykle

Treng du skyss frå dør til dør i Bykle? Tilbodet AKT Svipp Bykle er ei samkøyringsteneste for alle innbyggjarar og tilreisande i Bykle kommune. Bussen køyrer måndag og torsdag.

Bilde som illustrerer bestilling i AKT Svipp - Klikk for stort bilde

Bestilling av reise i AKT Svipp

Bestill reise i AKT Svipp

Kva er AKT Svipp i Bykle

AKT Svipp er oppretta som eit prøveprosjekt for å betre transporttilbodet og tilby nye reisemoglegheiter for reisande i Bykle kommune. AKT Svipp er ein samkøyringsteneste, utan fast ruteplan, men som baserar seg på at turane må bestillast på førehand. Kunden har likevel stor fleksibilitet i høve til bestillingstidspunkt, hentetidspunkt og servicenivå. AKT Svipp i Bykle køyrer måndag og torsdag i tidsrommet 08:30-14:30.

Kort oppsummering av tilbodet AKT Svipp i Bykle:

  • Tilbodet er for alle aldersgruppar
  • AKT Svipp køyrer måndag  og torsdag kl. 08:30 - 14:30
  • Ingen fast ruteplan/rutetidar, køyreruten og kjøretidspunkta vert bestemt av kor mange bestillingar som til enhver tid kjem inn
  • AKT Svipp-bussen køyrer innanfor det avgrensa området i Bykle, sjå kart over dekningsområde for AKT Svipp Bykle nedanfor

Om bestillingstenesta AKT Svipp i Bykle

  • AKT Svipp blir køyrt med eigne minibussar måndag og torsdag kl. 8.30 – 14.30. Minibussen hentar deg heime til avtalt tid, og køyrer deg dit du skal innanfor området der du kan reise med AKT Svipp, sjå kart nedenfor.
  • AKT Svipp er ei samkøyringsteneste, og dette inneber at det kan kome på fleire passasjerar på bussen under turen. Hugs å rekne god tid dersom du har ein avtale til eit bestemt klokkeslett.  
  • Du kan bestille reise 1 veke fram i tid, og du kan ha 10 aktive bestillingar om gongen.
  • Oppgi kva klokka du ønsker å bli henta og køyrd heim att, om du treng hjelp med handlenett og liknande, eller om du har med hjelpemiddel som til dømes rullator eller rullestol.  Minibussen vert tilrettelagt for rullator og rullestol, men i ei kort oppstartsperiode vil bussen ikkje vere tilpassa rullator/rullestol.

Bestillingsmåtar for AKT Svipp

Du bestiller enkelt ei reise i bestillingsløysninga svipp.akt.no ved å trykke på knappen nedenfor.

svipp.akt.no

Du kan også nå våre kundekonsulentar på telefon for å bestille reisa di. Reisa må bestillast mellom kl. 07.00 og kl. 17.00 måndag til fredag, laurdag mellom kl 10.00-17:00, på telefon 907 16 815. Bestilling seinast 60 minutter før avreisetidspunkt. I Bykle køyrar AKT Svipp måndagar og torsdagar.

Sjå korleis du bestiller reise med AKT Svipp

Prisar

Ein Svipptur kostar det same som ei vanleg bussreise innan same sone. Du kan og reise vidare på den ordinære kollektivtrafikken på vanlege vilkår med billettane du kjøper for Svipp-turen. Les meir om billettypar, rabatter og reiseregler. I ein oppstartsfase er tilbodet på AKT Svipp i Bykle førebels gratis. Dette gjeld på ubestemt tid.

Kart over gyldighetsområde for AKT Svipp i Bykle

Innanfor det markerte området i kartet kan du benytte AKT Svipp i Bykle. Reisen må dermed starte og slutte innanfor det markerte området. For nøyaktige avgrensingar, sjå bestillingsløysinga svipp.akt.no 

 

Samkøyring: Reiseruta blir lagt opp etter kva bestillingar som kjem inn. Du kan derfor rekne med at det også er andre med på reisen/bussen, eller at andre blir plukka opp seinare på turen.

Slik fungerer AKT SVIPP

  • Tilbodet er for deg som er heime på dagtid måndagar og torsdager og treng transport frå dør til dør når du skal gjere ærend eller ønsker ein tur ut.
  • Bestill AKT Svipp via bestillingsløysinga svipp.akt.no eller telefon 907 16 815
  • Ein minibuss hentar deg heime og køyrer deg frem og tilbake der du ønsker i Bykle kommune innanfor det avgrensa området, (sjå avgrensninger i kart). Turar kan ikkje køyres utanfor det avgrensa området.
  • Bussene køyrer måndager og torsdager i tidsrommet 08:30-14:30. Minibussen vert tilrettelagt for rullator og rullestol, men i ei kort oppstartsperiode vil bussen ikkje vere tilpassa rullator/rullestol. 
  • Vær klar til oppsatt hentetidspunkt. Er transporten forsinka, vert du varsla om dette på din telefon.
  • Hugs å rekne god tid om du har ein avtale til eit gitt tidspunkt. Reiseruten blir lagt opp etter øvrige bestillinger som kjem inn.
  • Sjåførane på AKT Svipp er ordinære sjåførar i Setesdal Bilruter. Du vil derfor kunne møte ulike sjåførar frå tur til tur.

Personvern i AKT Svipp

Les meir om korleis vi behandlar personopplysningar i AKT Svipp